top of page

VÅGÅ

Vågå kommune er lokalisert midt i Nasjonalparkriket - Omkransa av dei 5 nasjonalparkane Jotunheimen, Dovrefjell, Ronadane, Breheimen og Reinheimen. Fjellbygda Vågå ligg ved Vågåvatnet, som blir farget eirgrønt av brevatn fra fjella om sumaren. I Vågåmo (Vågå sentrum) finn du trivelege lokale butikkar og den ikoniske Vågåkyrkja, ei klassisk norsk trekyrkje, med delar datert heilt attende til 1100-tallet. I den omkringliggande fjellheimen finn du friluftsopplevingane og fjellstovene. 

Vågå_Vågåvatnet_ferie-i-norge

Vågå er ei kulturrik fjellbygd, der diktarar, musikarar, kunstnarar og eventyrsamlarar har latt seg inspirere av det storslåtte natur- og kulturlandskapet i generasjonar. Like ovanfor Vågåkyrkja ligg Jutulporten som er inspirasjon for segnet om Jutuln og Blessomen. Midt mellom kyrkja og Jutulporten finn ein Ullinsvin, den gamle prestegarden som nå husar eit moderne kunstgalleri og Prestegardshagen.

 

I området i og rundt Vågåmo sentrum finn ein aktivitetar som passar for alle. Godt merka turstigar av forskjellig lengde og vanskegrad, og til og med ei eiga  “Munch i Vågå-vandring”, der du kan lære meir om Munch si tilknyting til bygda. Vågåmo er også eit flott utgangspunkt for el-sykklistar og downhill- og stisykkelentusiastar. Vågåvatnet ligg ein liten spasertur frå sentrum og kan by på nydelege opplevingar med til dømes kajak, SUP-brett eller båt. Den flytande badstua er også ei oppleving i seg sjølv. Ein 20 minutts køyretur tek deg  til dei omkringliggande fjella der opplevingane står i kø, sommar som vinter: Rafting og juving i Sjoa, toppturar, skikøyring på Lemonsjøen alpinsenter, milevis med skiløyper, sykling, hundekøyring, fisking og klatring, for å nemne noko. 

!
Addresse

Vågåbryllup er presentert av Lugumstugu - Vågås lokale blomster- og interiørbutikk. 

Lugumstugu AS
Moavegen 5

2680 Vågå

Tlf: 95 55 19 38

©2024 Lugumstugu AS. Med støtte fra Innovasjon Norge

Modell: Ingrid Blessom og Vegard Hunderi

Brudemodellens stylist: Merete Berg, Studio M

Blomsterbue og blomsterkrans til brud: Lugumstugu

Finn vegen til Vågå

Vågåbryllup levert av SMELT Media

Nettside, tekst og fashion-foto: SMELT Media

Forsidebilde er redigert med KI

bottom of page